Trollhjorten bar og resturant
Velkomen til restauranten vår som tilbyr både internasjonale rettar og lokale spesialitetar. Her får du mat basert på lokale råvarer med spennande smakar som matchar den dramatiske naturen som omkrinsar hotellet vårt. Vi har plass til om lag 150 gjester til bords og over 300 personar når vi byr på stor dans. Bar og restaurant er tilknytt eit flott uteområde med paviljongar, karpedam og hotellhage som vender mot sjøen. I hotellhagen er det bygd leikeområde med sjørøverskute for barn, og vi har òg planar for framtidig basseng. Ta kontakt med oss dersom du ønsker å arrangere bryllaup, konfirmasjon eller andre selskap og arrangement. Velkomen til ein liten smakebit av Vestlandet!
Kafé og leikekrok
Kafeen vår er eit samlingspunkt i bygda i tillegg til å tilby god mat og drikke til folk som vil ha seg eit kjapt måltid i trivlege omgjevnader. Vegg i vegg med Bremanger folkebibliotek kan ein nyte eit godt måltid med ei god bok i handa eller berre nyte den gode atmosfæren i kafeen. Leikekroken vår er ein populær stad for dei minste med klatrevegg og mykje moro. Og ikkje minst for dei vaksne som kan nyte ein god kopp kaffi medan borna leikar og har det kjekt. Velkomen til den trivelege møteplassen i hjartet av Bremanger!
Hyggeleg betening som ynskjer deg velkommen til bords
Leikekrok – Eit morosamt paradis for små og store
Smakfullt påfyll – Matservering med eit sting av friskheit og kreativitet
Koseleg samvær med smakfulle dråpar
Koseleg kaféglede – Eit varmt møtepunkt for hygge og god prat
Frokostbuffet – Den fristande starten på ein herleg dag